Ryfylkedagane er ei årleg feiring som såg dagens lys første gong i 1984, og har sidan då blitt eit viktig arrangement for å setje Suldal på kartet og vise fram små og store skattar som kommunen har å tilby. Arrangementet er eit resultat av eit breitt samarbeid og stor dugnadsinnsats frå fleire aktørar, inkludert Suldal Næringsforening med Sandsgruppa og Reiselivsgruppa i spissen.
Gjennom felles innsats og entusiasme har Ryfylkedagane blitt ein viktig arena for samhald, opplevingar og stoltheit for innbyggjarane i Suldal.
Ryfylkedagane er òg eit uttrykk for Suldalskrafta – den som bur i oss alle her. Det er denne krafta som gjer det mogleg å skape noko stort saman, år etter år.